Snart er det tid for vårens vakraste eventyr som er saulamminga. Men før den startar er det tid for sauklipping, og med vinteren på hell og våren anmarsj er det nok mange som no er i gang med dette arbeidet. Gudmund Kvendset i Viastua starta jobben i dag, og sjølv om han egentleg hadde avslutta dagen, så vart nr 6052 avbroten midt i kveldsmåltidet for å vera fotomodell. Men det var fort overstått og etter nokre minutt var det overstått.
Sauene klippes no for at ulla skal vekse utatt eit par centimeter før dei skal sleppes på beite i slutten av mai. Men før det skal 65-70 lam sjå dagens lys i Viastua. Saulamminga startar rundt 10. april, så det blir kanskje litt påskeferie før ein kjem i gang, seier Gudmund.
I Viastua har dei sauehald nærast som hobby i tillegg til mjølkeproduksjonen. I år har dei trappa ned sauetalet litt på grunn av rovdyr- og alveldplaga på forårets beite i Kvennsetdalen, og dersom det blir like store tap i åra som kjem så spøker det for sauehaldet, seier Gudmund.
I år reknar han med å sende eit knapt hundretal sauer og lam på beite i Kvennsetdalen og Lauvåfjellet, og da er det å håpe at dei får gå i fred for gaupa og jerven. Men i samband med skogsdrift har Gudmund stadig sett både gaupe- og jervfar, så han seier at han er litt pessimist allereie før beitesesongen startar.