Surnadal idrettshall var fylt til siste plass laurdag, da Surnadal Sparebanks «Store Korslag» gikk av stabelen. 7 kor med over 200 deltakarar var med og gjorde arrangemnentet til ein suksess som imponerte dei mange publikummarane. Kora kjempa om fleire gjeve prisar. Men den gjevaste av alle var nok publikumsprisen, og her var det Åsskardkoret som trekte det lengste strået.
Koristane sjølve samla flest stemmer til Bøgdeungdommen, medan juryen samla seg om Feltkoret. Du kan lese meir om korslaget på nettsidene til Trollheimsporten.no, NRK og Driva.no. Elles vil nok lokalavisene bli sterkt prega av dette på måndag.