Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Korslag av dimensjoner.

Korslag av dimensjoner.

Elinor Bolme Fredag 8. oktober 2010

I helga, nærare bestemt laurdag ettermiddag og kveld er det duka for ein av de største kulturelle begivenhetene på Nordmøre, etter kva banksjef Allan Troelsen skriv i ei pressemelding. Då arrangerer Surnadal Sparebank ei stor kortevling frå heile kommunen. Banken går i bresjen for dette arrangementet frå start til slutt, eit arrangement som har skapa eit utruleg engasjement i heile kommunen.

7 kor med over 200 deltakarar stiller, og i tillegg er det venta opptil 1000 tilhøyrarar år det brakar laus i Surnadal idrettshall i morgon kveld. Frå Todalen er det òg deltaking. Borghild Betten Talgø stiller for Kor Kvanne/Stangvik/Todalen, medan Rune og Kikki Moe og Lars og Turid Sæther stiller for Heimattkoret.

For å avgjerde kven som blir vinnaren av Surnadal Sparebanks Store Korslag, blir det avstemming via SMS.

Sjå heile pressemeldinga frå Surnadal Sparebank her.

Publisert: 8. oktober 2010, 09:57