Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Korpsmusikk i toget

Korpsmusikk i toget

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mai 2010

Det såg lenge ut til at årets 17. mai-tog kom til å bli uten korpsmusikk, for Mo og Stangvik skulekorps er i år berre 7 medlemar, og det er litt for lite for slike oppdrag. Korpsa er nede i ein dyp bølgedal når det gjeld medlemstal denne sesongen, og dersom det ikkje blir fleire nye aspirantar til hausten er det nok berre å innsjå at det er slutt, seier sekretær og konstituert ledar Kristine Saksen Ulvund til Todalen.no. 

For årets 17. maifeiring er det imidlertid eit lyspunkt, for Kristine har svinga seg rundt og mobilisert gamle korpsmedlemar til å bli med og sørge for musikk til årets feiring av nasjonaldagen i Todalen. Dette fikk ho god repons på, og på første øvinga som var onsdag kveld var det 8 som stillte og det er heile 16 som hittil har meldt seg for å bli med.  Den yngste er 10-12 år og eldstemann er nok musikkveteranen Hans Gundersen som har passert 70 år. 

Det «nye» korpset skal ha fleire øvingar framover mot 17. mai, så dersom det er fleire som vil væra med og bidra til korpsmusikken på nasjonaldager er dei hjarteleg velkomne, og det er berre å ta kontakt, sier Kristine  Saksen Ulvund. 

Først publisert: 1. mai 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 3. mai 2010, 09:55