Reglar for tilsette i Surnadal kommune for å begrense smitterisikoen for koronavirus
- Møteverksemnd i regi av kommunen med meir enn 15 deltakarar blir avlyst.
- Alle møte som kan bli gjennomført på Skype/ video skal bli gjennomført slik.
- Skular og barnehagar skal driftast som normalt.
- Tilsette skal ikkje reise på kurs og seminar.
- Tilsette blir oppfordra til å vurdere si deltaking på kultur- og idrettsarrangement.
- Tilsette bør ikkje reise til utlandet.
Reglane gjeld frå torsdag 12. mars og har ikkje tilbakeverkande kraft. Reglane gjeld for alle tilsette, alle tilsette i kommunale føretak og i samarbeid med Surnadal som vertskommune.
Reglane gjeld ikkje for elevane i grunnskulen.
Årsaka til at Surnadal kommune går ut over Folkehelseinstituttet sine anbefalingar (FHI), er for å begrense smitte til kritisk personell.
Per 12. mars er det ingen i Surnadal med påvist koronasmitte.
Vi har fått ei del spørsmål om ulike tema. Vi vil difor orientere om at Surnadal kommune har vurdert, men enno ikkje innført:
- Avlysing av politiske møte.
- Stenging av kantiner.
Arrangement:
- Avlysing av alle arrangement ut over anbefalingane frå Folkehelseinstituttet. Det blir gjennomført ei risikovurdering for kvart einskild arrangement. Vi ber inntil vidare alle arrangørar om å følge Surnadal kommune si rettleiing for risikovurdering og vere oppmerksame på mulegheita for effektiv smittesporing i etterkant av arrangement.Last ned rettleiing med verkty for ROS-analyse og meld arrangement til kommunen for vurdering.
Følgjande gjeld fortsatt:
Råd til tilsette i helse- og omsorgstenesta om heimekarantene
- Alle tilsette i helse- og omsorgstenesta skal inntil vidare vere heime frå jobb i 14 dagar etter heimkomst frå område med vedvarande smittespreiing.
- Rådet gjelder uavhengig av om ein er sjuk eller ikkje.
- Målet med rådet er å beskytte eldre menneske og kronisk sjuke mot smitte. Desse gruppene er ekstra utsett for å kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp.
For alle gjeld:
Spreiing av smittsamme sjukdommar førebyggast best ved å ha gode generelle hygienerutinar. Vi ber alle om å vere ekstra påpasseleg hand- og hostehygiene i tida framover for å minimere smittespreiing.
Følg Folkehelseinstituttet sine anbefalingar!
På vegne av kommuneleiinga
Gunhild Eidsli Gunn Bredesen
Assisterande kommunedirektør Einingsleiar Helse og familie