Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronavaksina som vi ventar på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2020

Vi hører rett som det er at det blir gjort framskritt og positive testresultat frå dei som driv og utviklar koronavaksine.  Vi høyrer og at regjeringa har «hengt seg på» og kjøpt vaksinar som dei skal tilbyd det norske folk heilt gratis, slik at den som vil skal få ta ei vaksine.  Det blir no forska og testa for fullt, og det er antyda at dei første dosane med vaksinar kjem ein gong utpå nyåret.  Måndag 30.11.2020 la surnadal kommune ut informasjon om korleis dette omfattande vaksinasjonprogrammet vil bli organisert og gjennomført:

Surnadal kommune er godt i gang med å planlegge for koronavaksinering av befolkninga vår. Organiseringa av vaksinasjonen vil bygge på erfaringar frå influensavaksineringa i haust, men med nokre justeringar.
Regjeringa bestemte seg 12. oktober å tilby vaksinasjon mot covid-19 som ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Dette betyr at kommunane får ei plikt til å tilby vaksinering til befolkninga. Staten har bestemt at vaksinen vil vere gratis for befolkninga og at kommunane får dekt sine kostnadar for gjennomføring av vaksinasjonen. Vi vil fortløpande informere befolkninga om planlegging og gjennomføring av koronavaksinering i Surnadal kommune.

Kommunen sitt ansvar:
Koronavaksineringsprogrammet følger ansvarsfordelinga i Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og Nasjonal beredskapsplan mot utbrot av alvorlege smittsame sjukdommar.
Kommunen skal organisere vaksinasjonane slik den finner det mest hensiktsmessig for å oppnå høgast muleg vaksinasjonsdekning i målgruppene, og samtidig sørge for å halde oversikt over kven som er vaksinert.
Kommunen skal sørge for å etablere rutinar for samarbeid mellom dei kommunale tenestene som skal sørge for at oppgåver etter forskrifta blir utført, og eventuelle private helsepersonellutøvarar som kommunen har avtale med.
Kommunen skal gi nødvendig informasjon til befolkninga om vaksinasjonsprogrammet, korleis vaksinasjon er organisert lokalt og kor dei kan få gjennomført vaksinasjon
Gjennomføre vaksinasjon av eiget helsepersonell

Når startar vaksineringa:
Vi planlegg for oppstart av vaksinering i starten av første halvår 2021. Vi veit ikkje eksakt når vi vil få tilsendt dei første vaksinedosane, og vi veit ikkje kor mange vaksinedosar vi vil få tilbod om i starten. Kommunen vil følge Folkehelseinstituttet sin plan for handtering og distribusjon av vaksiner mot covid-19.
Kven vil få tilbod om vaksine først:
Surnadal kommune følger lojalt dei nasjonale råda om prioriterte grupper for koronavaksinasjon i Norge. Det vil komme meir detaljerte nasjonale føringar for prioritering av vaksinasjonsgrupper og vi vil vidareformidle informasjon på bakgrunn av dette. Håpet er å få vaksinert ein så stor del av befolkninga som muleg innan sommaren.
Les meir om koronavaksinering på helsenorge.no

Bestille koronavaksine:
Vaksinering er frivillig og må bestillast. Vi vil komme med informasjon om korleis ein kan registrere seg for å bestille koronavaksine, både for seg sjølv eller andre, når denne løysinga er klar. Planen er å tilpasse det digitale bookingsystemet c19 til også å inkludere bestilling av koronavaksine. Vi skal uansett sørge for å nå alle.

 

Først publisert: 1. desember 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 30. november 2020, 21:49