Måndag 26. oktober kl. 19.00 arrangerer Todalen sanitetsforening ope møte i Todalen ungdomshus. Temaet for kvelden er «Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?», og det er kommuneoverlege Bjørn Buan som er kveldens foredragshaldar.
Kveldens tema er svært aktuelt og gjeld oss alle, da dessverre koronapandemien no er på frammarsj igjen. Kommuneoverlege Buan har svært allsidig praksis og erfaring, og har eit stort engasjement for innbyggarane i Surnadal. Han er også interessert i arbeidet til sanitetskvinnene da dei har gjort stort arbeid gjennom heile historia si for helseopplysing, hygiene og kamp mot smittespreiing. Her kan nemnast tuberkulose og spanskesjuka.
OPPLEGG
På grunn av pandemien er det påmelding til dette helseforedraget. Påmeldingsfristen er torsdag 22. oktober. Maks 50 personar kan delta i følgje smittevernreglane.
Påmelding til:
Leiar Maren Ansnes, tlf.: 906 86 907 eller
Sekretær Steffi Bohle, tlf.: 457 98 288.
Servering: Kaffi, grove bagettar med godt pålegg og frukt. Pris: 50 kroner.
Todalen sanitetsforening ønsker alle vel møtt og håpar god oppslutning om helseforedraget!