Alle klagar på den elendige sommaren – i år har det regna heile sommaren, og gradstokken har mange dagar vist einsifra gradtal, seier mange. Men var vëret egentleg så dårleg i sommar – og korleis var temperaturen samanlikna med dei tidlegare sommarane? Antal sommardagar er ein god indikator på korleis sommaren har vore – ein sommardag er ein dag kor maksimumstemperaturen har vore minst 20 grader – eller meir i løpet av døgnet.
Hos Jon Bruset på Småhjellan «målestasjon» er det registrert maksimum- og minimumstemperatur kvar dag sia 1990-talet. Han har samanlikna dei 3 siste sommarane, og den viser vi i tabellen nedafor:
Sommardagar i 2013 – 2015 |
||||
Antal dagar med max.-temp på 20 grader eller meir på Småhjellan | ||||
År/månad |
Juni |
Juli |
August |
Sum |
2013 | 5 | 14 | 10 | 29 |
2014 | 12 | 24 | 15 | 51 |
2015 | 2 | 5 | 17 | 24 |
Ser ein sommarmånadane under eitt er det ikkje så stor forskjell på 2013 og 2015, men i år var det nok dei to vekene med skikkeleg sommarvêr i august som redda statistikken. Vi ser at juni og juli i år har 2 og 5 sommardagar, medan augst har heile 17. I 2013 var det litt meir jamn fordeling, medan det i fjorsommar (2014) nærast var eit «kronår», med heile 51 sommardagar. Det kunne vore artig å sjå alle åra frå 1990, slik at ein kunne funne ein slags normalår for perioden.