Surnadal kommune ønskjer ein dialog med lokalbefolkninga i Todalen om framtid bruk av barnehage- og skulebygget, og inviterer difor til møte for å få positive innspel og gode idear frå bygdefolket.Møtet skjer måndag 30. mai kl 19:00 i gymsalen i skulebygget i Todalen. Frå Surnadal kommune kjem ordførar og kommunedirektør, og truleg 1-2 personar til frå administrasjonen. I tillegg er formannskapet invitert til møtet.
Møt fram og kom med idear og meiningsytring om kva vi kan nytte bygningsmasse og tomteareal til i framtida. Møtet arrangerast i samarbeid med Todalen Idrettslag.