Kartlegging av behov for tiltak med tanke på at folk skal bu i heimane sine lengst mogleg – dette både med tanke på at dei eldre har ønske om det og det er også med tanke på at det skal avgrense behovet for institusjonsplassar. Myndigheitene har pålagt kommunane å kartlegge dette behovet, og i Surnadal er dette arbeidet organisert gjennom brannvesenet – og her er det Vibeke Warvik som har fått jobben med dette.
Ho seier at dette er eit uforpliktande og gratis tilbod til dei eldre, og det er høgst frivillig. No har ho vore rundt omkring mange plassar. Men ho har ei utfordring i å veta kvar folk bur. For på lista ho har, så er det huseigarar som står. Så dersom du har venta på at Vibeke skal ta kontakt så er det kanskje lurt at du tek kontakt med ho i staden, slik at de kan avtale eit besøk. Da vi møtte Vibeke, var ho på besøk hos Anders Todalshaug. – Anders har vore i det lokale brannvernet i ein mannsalder, så her var det meste på stell, men brannsløkkingsapparatet var utgått på dato. Dei bør ikkje være meir enn 10 år, seier Vibeke.
Vibeke har ikkje noko myndigheit til å pålegge folk noko som helst, men ho har høve til å gje gode råd og tips om korleis folk med enkle midlar kan gjera bustaden sikrare både mot brann og ulykker. No har ho med seg Anders Betten nokre dagar når ho er ute hos folk. Det er fordi at Vibeke ønskjer å lære meir om kva ho skal være oppmerksam på av elektriske brannfeller. Da har dei mest fokus på sikringsskapet og varmvasstanken. Anders har ansvar for lokalt eltilsyn i området til S-Nett og i den rolla skal han altså formidle el-sikkerheitsinfo. Anders er og oppteken av elbillading – det kan være lurt å passe på litt når det lades i bustader med gamle installasjonar. I tillegg er komfyrvakt noko han snakkar varmt for – i dag er dei mykje meir funksjonelle enn dei første som kom på marknaden. Her er det kanskje ting som det går an å snakke med elektrikaren om?
Elles kjem sjølvsagt praten innom røykvarslarar, kaffetraktarar og vasskokarar – alle disse er hyppige brannårsaker. Ofte er rådet å dra ut kontakten etter bruk for å være trygg. No når det blir mørke og kalde kveldar blir det meir bruk av talglys og da er det viktig å ha rutinar på skifting av batteri i røykvarslarane. – Når vi er ute hos folk ser vi an om det er behov for hjelp til batteriskifte, for da hjelper vi gjerne til.Før vi skil lag har Vibeke vore innom flire tema – framtidsfullmakt er aktuelt i tilfelle du blir sjuk. Elles fortel ho om moglegheiter for hjelp til bustadtilpassing, bruk av gulvmatter og ho snakkar varmt for å ha ei lommelykt på nattbordet i tilfelle straumen er borte på natta – og så var heile sjekkliste ferdig….