Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korkonsert i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2014

Det franske barnekoret ”La Maitrise de Conservatoire d’Asnieres sur Seine” som gjesta Stangvika i førre veke, avslutta visitten med konsert i Stangvik kyrkje laurdag, saman med barnekoret Jubilate frå Surnadal og Stangvik jentekor.

StgJentekor&Jubilate_1108

Barnekoret Jubilate og Stangvik jentekor i Stangvik kyrkje. Dei hadde ein eigen sekvens under konserten. dirigenter var Oddveig Helset og Bernt Bøe. Foto: Jon Olav Ørsal

Det franske barnekoret starte førestillinga med eige program, medan Jubilate og Stangvik jentekor hadde sitt program etterpå. Til avslutning hadde dei tre kora felles program som dei fekk ein fantastisk applaus for med publikum, som klappa oppatt den felles framføringa av ”Aux Champs- élysées” som iallfall fall i min smak.

Da direktøren for det franske barnekoret, Jean-Jacques Dalbion, takka for den fine mottakinga dei har fått i Stangvika inviterte han like godt dei to kora Jubilate og Stangvik jentekor på gjenvisitt til paris i 2015. Det såg faktisk ut som alle 3 kora begynte å gle seg på det med ein gong!

Kor_alle tre_1138

Direktøren for barnekoret Jean-Jacques Dalbion inviterte på gjenvisitt i 2015, her saman med akkompagnør Magnhild Frydenlund Brøske og dirigent Natalia Raykhner. Foto Jon Olav Ørsal

Besøket til Stangvika for det franske koret kom i gang på bakgrunn av samarbeidet mellom Magnhild Frydenlund Brøske og dirigenten for det franske jentekoret, Natalia Raykhner. I Stangvika er det Rannveig Brøske som har vore organisator og som har fått alle detaljer med overnatting, mat og aktivitetar på plass.

RannveigBrøske_1083

Rannveig Brøske har vore organisator og tilretteleggar for besøket til det franske barnekoret. Foto: Jon Olav Ørsal

Under opphaldet har det franske koret hatt ei dagleg øvingsøkt, men det har også blitt tid til både grilling, båttur på Stangvikfjorden og andre aktivitetar. Etter konserten hørte vi at det var snakk om landskamp i fotball på Svissholmen. Søndag morgon var tida komen for å dra attende til Paris, og da var det planlagt at turen til Kvernberget skulle gå via Atlanterhavsvegen og vidare til Kristiansund.

 

Først publisert: 11. mai 2014, 20:16 - Sist oppdatert: 12. mai 2014, 12:39