Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: Koret P17 inviterer til allsong og kor i Todalen – gratis adgang!

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2024

I kveld – Onsdag 12. juni inviterer koret Prosjekt 17 til songkveld i Todalen Ungdomshus.
Velkjend allsong fyller mykje av programmet. – Vi veit at folk likar å synge. Her blir det rikeleg høve til å stemme i! seier koristane idet dei finpussar programmet. 
Skulesongar og viser fyller allsongarket. Og sjølsagt hører «Todalssongen» med!

Prosjekt 17 i kaffepausen mellom kabaret og viseøving på Kyrkjelydshuset i Surnadal. (Foto Randi Bøe)

«Melodiminne» og kabaret-utdrag
Koret P17 gir smakebitar frå plata «Melodiminne», som dei gav ut for nokre år sia – gjenhør med slagerar frå Ønskekonsertens dagar.
Dessutan gir dei utdrag frå sin «Seterkabaret» der dei syng om både høykjøring og seterromantikk. Tre todalske folkemelodiar – «Stigelin», «Kattå og musa» og «Grautmarsjen» er inkludert.

Utdrag frå heilaftans kabaretar
Det ber også til sjøs. Frå fjordakabareten «Med segl og Wichmann» hører vi levd liv heime og ombord – «Kjerringshanty», «Sildsjau» og meir til. Begge dei nemnte kabaretane er opprinneleg heilaftans forestillingar med lokalt kulturstoff.

Romantikk ligg i lufta når seterjenta Borghild syng duett med friaren – for høvet Øystein Moe. Foto Mari Ann Bævre.

Aktivt kor
Koret P17 deltek ofte i kyrkjer og forsamlingshus og har denne våren blant anna hatt Påskesongmesse i Åsskard og Vårsongfest i Bøfjorden. Etter onsdagens Sommarsongkveld i Todalen gjenstår Jonsvaka i Åsskard 21. juni – som vårens finale.

Song, kaffe og utlodning
Men først altså: Onsdagskvelden i sommarsongens tegn! Dette er også eit inntektsbringande tiltak for arrangøren. Folk får kjøpt seg kaffe med mykje godt attåt. Og utlodninga har mange gevinstar å by på. Programmet tek til kl. 19.  

Her tek Ann Magret Botten, Per Arne Hyldbakk og Arne G. Fiske ein siste sjekk på slageren «Hvite måke». Hefta med kabaretane «Med segl og Wichmann» og «Seterkabaret» inneheld heilaftans forestillingar. Men no berre utdrag. (Foto Bernt Bøe)

Her kan du laste ned og printe plakaten. Montasje: Bernt Bøe

P17-koret er medlem i Todalen.no

Først publisert: 7. juni 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 12. juni 2024, 21:47