Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.
Ho understrekar at det ikkje er slik at koret syng kvar søndag i kyrkja på gudsteneste , slik mange kanskje trur sidan det er eit kyrkjekor. -Koret syng på salmekveldar og i forbindelse med konsertar i kyrkjene i kommunen vår og har som mål å synge ved ei gudsteneste haust og vår. Har du lyst til å vere med i koret så er du velkomen oppfordrar ho.