Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsertkveld med kulturell påfyll

Jon Olav Ørsal Fredag 14. oktober 2022

Det var sokneråda i Todalen og Stangvik som stod som arrangør av konsertkvelden i Stangvik kyrkje fredag kveld. Soknerådsleiar Rannveig Brøske sa det så rett, at ein slik kveld trong vi no!  Det er så lenge sia sist vi har hatt slike arrangement og det var godt med publikum i kyrkja. Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde med seg P17-koret, men han hadde i tillegg fått med tenoren Harald Bjørkøy, barytonsongaren Svein Volle og komponisten Ole Karsten Surndlisæter på orgel og piano – og ikkje minst allsongen. 

Du verden for ein duett! Harald Bjørkøy sa at han hadde satt som krav for å kome at han måtte få synge duett med Svein Volle. Foto Jon Olav Ørsal

Konserten starta med preludium i C-dur av Johan Cebastian Bach på orgel, og fortsette med P17-koret og Harald Bjørkøy som solist med «Gören portarna höge» – artig å høre koret saman med Bjørkøy, som den profesjonelle solisten han er.  Artig var det også å høre Harald Bjørkøy og Svein Volle synge duett.  Dei to song «Gå bönernas bro» i lag og du verden for ein duett!  Bjørkøy røpa at han hadde sett krav om å få synge saman med Volle, for å kome til Stangvik, og dei to har nok sunge i lag før.  

P17-koret med sin dirigent Bernt Bøe – Ole karsten Sundlisæter ved pianoet. Foto Jon Olav Ørsal

P17-koret med dirigent Bernt Bøe framførte «Folketonemesse frå Todalen. Det vart nærast som ein kortversjon av ei slags musikalsk gudsteneste, og var basert på gamle folketonar etter Tomine Husby, Hallvard Ørsal, Ane Husby – dette var arrangert av Bernt Bøe i samband med 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.   Vidare var det lagt opp til salmestund, der Ole Karsten Sundlisæter presenterte den nye salmeboka si, med 151 nye salmar som han hadde komponert.  Boka er heilt ny, og konsertkvelden i Stangvik var mellom dei aller første som har prøvd den nye salmeboka, fortalte Sundlisæter.  Bjørkøy hadde studert den nye salmeboka og ga den heider.  

Det er faktisk godt og få slike kulturelle innput for oss som er publikum.  Det må også være for dem som driv med slikt kulturarbeid på lokalplan – som å få synge i lag med slike kapasitetar og dermed få tilført både idear og nye impusar som ei oppmuntring.  

Harald Bjørkøy som solist og Ole Karsten Sundlisæter ved pianoet. Foto Jon Olav Ørsal

Bernt Bøe, som er dirigent for P17-koret har stått for programmet og organiseringa av konserten. Foto Jon Olav Ørsal

Så vanka det blomster til dei som har stått på for å få til denne konserten – frå venstre svein Volle, Harald Bjørkøy, Bernt Bøe og Ole Karsten Sundlisæter – lengst til høgre Rannveig Brøske som er leiar i Stangvik sokneråd. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. oktober 2022, 21:54