Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsertkveld i Stangvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2022

Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje.  Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.

Haralød Bjørkøy gler seg til å synge Rossini, Haydn, Fauré og Grieg i Stangvik-kyrkja. (Foto: Bernt Bøe)

 

Kreativitet er varemerke for kveldens andre hovudaktør, Ole Karsten Sundlisæter. Mannen bak operaen «Haugtussa i Helheim» og oratoriet «Olav den Helliges dåp» presenterer si flunkande
nye salmesamling «Det går en elv i hvert et våkent hjerte». Publikum får oppleve fleire av hans 153 melodiar som allsong og i kordrakt. Sundlisæter er også kveldens akkompagnatør og orgelsolist. 

Søskenbarna Harald Bjørkøy (t.v.) og John Moe (korist og medarrangør) gler seg til ein rikhaldig songkveld og ser særleg fram til å presentere Ole Sundlisæter sitt nye salmeverk. (Foto: Einy Elgsæther)

Kortreist tonekunst står koret Prosjekt 17 for – m.a. «Folketonemesse frå Todalen». Den består av slåttemusikk av Hallvard Ørsal og salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby. Til desse har Bernt Bøe laga små korsatsar med Kyrie, Gloria og andre gudstenesteledd som tekst. Koret syng dertil saman med Bjørkøy i «Landkjenning» og «Salme 24».

Todalsk blir det dessutan når Svein Volle syng duett med Harald Bjørkøy. Og sidan tenor Bjørkøy er søskenbarn av John og Øystein Moe i koret, får vi kanskje høre dei tre i samsong? Arrangørane, Todalen sokneråd og Stangvik sokneråd, lovar ein rikhaldig songkveld i ei kyrkje som har 125-årsjubileum no i 2022.

 

Publisert: 11. oktober 2022, 10:00