Omtrent samtidig med at gruppa AD UNDAS går på scena er det faktisk meldt regn innover mot Svinviks arboret. Men det har ikkje noko å seie, for gjengen i arboretet har lagt til rette for at alle skal fåplass under tak, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh og Vår Stokke Folde som er klare til å ta i mot publikum når klokka nærmar seg 19:00 i kveld og konserten kan starte.
Dei har og lagt opp til at publikum kan kjøpe seg ein kaffedråpe og sjølvsagt noko godt til kaffen. Så her er det berre å hive seg rundt og dra til Svinviks arboret på konsert.
Det har forresten vore ein travel dag i arboretet, som har hatt besøk av to fulle bussar med folk frå innvandrartenesta i Sunndal og Surnadal på dagtid. Etter ein runde i arboretet skulle dei vidare til Todalen og Kårvatn før dei snudde. Dei var ute på ein «bli kjent-runde»