Førstkommande søndag kl. 16:00 er det konsert i Todalen ungdomshus med Nordmøre Spelmanslag. Her blir det servering av slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif Halse med fleire. Nordmøre Spelmannslag er samansett av rundt 15 musikarar frå dei fleste nordmørskommunane med Hilde Bergfald som musikalsk leiar.
Nordmøre spelmannslag er det einaste i sitt slag heromkring, så her blir vi lova ei musikalsk oppleving.
Les meir om laget på deira heimeside: Nordmøre Spelmannslag