Laurdag 16.juni kl 17 blir det konsert i Stangvik kyrkje . Då får dei besøk frå Trondheim og kyrkjekoret Hoeggen Vocale med dir. Oddrun Bølset. Dei vil framføre eit rikt og variert program; alt frå Bruckner, via norske og svenske folketonar og korverk av J. Rutter.
Koret vart stifta i 1990 som kyrkjekor knytta til Hoeggen kyrkje i Trondheim og dei avsluttar kvart semester med ein konsert/tur der dei gjestar ulike kyrkjer omkring.Dei blir også med på gudstenesta i Øye kyrkje same helg.
To unge musikarar frå Surnadal vil også vere med å sette sitt preg på konserten; Kirsten Næss på bratsj/fiolin og Brage Einum på piano. Vi gler oss på høyre dei to framføre musikk av Bruch og Piazzolla , Debussy og Grieg, skriv Oddveig Helset Halle i ei pressemelding.