Jon Bruset har vore på tur til Vollasetra og området omkring måndag, og har sendt oss fine bilder frå turen – både frå Vollasetra og frå Erstinden, som kanskje kan være ein lokal konkurrent til Prekestolen i Rogaland?
Han skriv: «Fekk i helga høre at det fantes ein konkurrent til Preikestolen i nærområdet. Dette måtte utforskast nærare. Fekk også med Vollasetra (KNT) i same slengen. Starta frå Vollan ovanfor Gjøra. Bratt seterveg opp til Vollasetra på 750 m.o.h. – Her var det setring fram til 1954. Tørr og fin sti (men bratt) og ein stor del av den slått med ljå ! Frå Vollasetra er det t-merka sti til Bårdsgarden i Storlidalen (6 t.)
Frå setra er det delvis sti fram til Ekkertind. Dette er plassen for den som vil kjenne suget frå avgrunnen. Ingen grunn til å reise til Rogaland for å gå i kø for å komme til den kjente Preikestolen. Dra til Ekkertind !»
Bildegalleri frå turen til Vollasetra og Ekkertind – alle foto: Jon Bruset