Søndag er det klart for årets konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det skjer søndag 29. april kl 11, og i år er det 4 konfirmanter i Todalen. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Dei fire er Sindre Klungervik Bruset, Trym Schei Kvendset, Erik Kårvatn og Henrik Kvande Talgø. Offeret går denne søndagen til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.