Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, der Torbjørn Brøske var liturg og stod for dei kyrkjelege handlingane. Det er i år ein kyrkjeleg konfirmant i Todalen, så Kristian Hauglann Talgø fekk all oppmerksomhet åleine, men det klarte han godt. Men dagens gudsteneste hadde også ei dåpshandling på programmet, da Emil Johansen Mossing var båren til dåpen.
Bernt Venås som var sokneprest i Stangvik fram til nyttår, da Torbjørn Brøske overtok som vikarprest, så begge prestane har deltke i konfirmasjonsførebuingane. Difor deltok begge prestane i konfirmasjonsseremonien i kyrkja i dag. Det var ein flott og høgtideleg seremoni og konfirmanten fikk med seg mange gode ord på vegen ut i livet under dagens preken.

Kristian Hauglann Talgø «får presthanda». Bernt Venås deltok i konfirmantførebuinga før jul, og var med i kyrkje under kofirmasjonen søndag saman med vikarprest Torbjørn Brøske. Foto: Jon Olav Ørsal

Vikarprest Torbjørn Brøske var liturg under konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje på søndag. Foto. Jon Olav Ørsal