Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konfirmantleir

Konfirmantleir

Marte Talgø Sundag 25. april 2010

Forrige helg var konfirmantane frå Todalen, Åsskard og Stangvik på konfirmantleir på Phillipshaugen. Vi var der heile helga, og der øvde vi på konfirmantgudstenesta vi skulle ha søndagen same helga.

Alle konfirmantane møttest på Kvenda, og tok minibuss derifrå og til Phillipshaugen. Da vi kom dit orienterte vi oss, og flytta inn på romma.

Alle fekk servert både frukost, middag og kveldsmat der, og eg fikk inntrykk av at alle tykte maten smakte godt. Det var mange forskjellige aktivitetar denne helga. Det var både bading, øving til gudsteneste, bibeltimar, synging og hinderløype.

Det var mange som tykte det hadde vore veldig artig på leir, og ville ikkje heim på søndagen. Men seinare på dagen møttest alle konfirmantane igjen, og hald konfirmantgudsteneste. Det vart vellukka ifølge presten, Bernt Venås.

Først publisert: 25. april 2010, 23:18 - Sist oppdatert: 26. april 2010, 00:39