Lysmesser i adventstida er ein fin tradisjon. Søndag helsar konfirmantar og andre det nye kyrkjeåret velkome i Todalen og Stangvik. Torsdag var todals- og stangvikkonfirmantane samla til øving i Todalen kyrkje. Dei har mange tenesteoppgåver gjennom store deler av gudstenesta – litt ulikt i dei to kyrkjene. Vi kan røpe litt av søndagens program.
Det er konfirmantane som denne dagen sørgjer for at klokkene kallar folk til kyrkje – før messa opnar med stilfull prosesjon. Salmen «Hosianna, Davids son» blir i Stangvik illustrert med enkle dansetrinn av tre unge. Under «Tenn lys» (i adventskransen) bytter organisten plass med konfirmant Ingrid på flygelkrakken. Hovudpost under «Ordet» er veksling mellom lesing av profetiar (ved m.a. Ragnhild og Kristine), salmesong og konfirmantane si tenning av den 7-arma lysestaken med sin symblikk. Også kunngjeringar vil ungdommane ta seg av.
På øvingskvelden var det «bøneverkstad», der konfirmantane sjøl utforma deler av søndagens forbøn. Dei har engasjement for menneske som lid vondt rundt i verda, for fred, toleranse og menneskerettar og for ettervirkningane av Utøya-tragedien. Prest Dag Øivind Østereng vil ta med desse bøneemna under lysmessa. I Todalen er det også barnedåp. 4- og 6-åringar får bøker i gåve frå kyrkjelyden. Litt større barn er inviterte til å motta kvar sin bibel i begge kyrkjene.
Soknerådsleiar Berit Anne Røkkum frå Stangvik og medlem Signe Grønmyr i todalen leia øvingskvelden saman med organist Bernt G. Bøe. Og da Signe sette fram rundstykke, kjeks og saft på bordet, vart dei ei populær avslutning på arbeidsøkta i Todalskyrkja.