I samband med konfirmasjonsførebuinga inviterer konfirmantane no til messe i Åsskard kyrkje tysdag 18. april kl 19:00. Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen. Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste.
Tidlegare, gjerne kalla «overhøring», var dette nesten ein eksamen i kristenlæra bak konfirmasjonen. I dag er «høringa» erstatta av innleving og praktisk kyrkjedeltaking – m.a. i gudstenester som denne. I dei sju bolkane treffer vi Jesus m.a. som 12-åring i tempelet, i møtet med Sakkeus og under det siste måltidet skjærtorsdag kveld. Utvalget viser sentrale ledd i konfirmantopplæringa. I tillegg er det vanleg, attkjenneleg liturgi og mykje frisk salmesong. Konfirmantane, dei tre arrangerande sokneråda og staben elles poengterer at samlinga tysdag er ei open gudsteneste for alle!