Tema for fasteaksjonen i år er «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Innsatsen dei gjer er med på å redde liv. Saman med medlemmer frå soknerådet startar dei innsamlingsaksjonen tysdag kl.17.00.
I kriser er vatn kritisk
Aldri før har vi sett så mange store humanitære kriser på ein gong. Kirkens Nødhjelp er i katastrofen med reint vatn. No treng dei deg!
13.- 15. mars er det klart for Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016. Med di støtte kan Kirkens Nødhjelp handle raskt når katastrofen skjer. Difor håpar vi du har pengane klare når bøsseberarane kjem. Du kan også bidra til å stanse klimaendringane, som truar menneskes tilgang på reint vatn.
Reint vatn reddar liv. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Det kan være vanntankar, vannsystem eller reine naudrasjonar. Kirkens Nødhjelp er på plass i Syria, Nord-Irak og langs fluktrutene inn i Europa. Dei har også katastrofeinnsats i Etiopia, Sør-Sudan og fleire andre land.
I ein katastrofe er det dei fattigaste som blir hardast ramma. Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og gode sanitærforhold der alt er øydelagd. Dei jobbar også med folk i utsette område så dei får høve til å førebyggje den neste naturkatastrofen. I tillegg jobbar Kirkens Nødhjelp med å påverke politikarar og andre beslutningstakarar til å stanse klimaendringane, som fører til større og verre katastrofar. Her kan også du bidra, ved å delta i fasteaksjonens kampanje for å endre norsk klimapolitikk.
Nokre katastrofar er resultat av krig og konflikt og nokre er klimaskapt. Kirkens Nødhjelp er der uansett. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flaumoffer i Malawi, tørkeramma i Etiopia og jordskjelvoffer i Nepal. Men dei treng hjelp for å hjelpe.
Ditt bidrag i bøssa gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å rykke ut med reint vatn når katastrofen rammar. Samtidig kan stemma di vere med på å stoppe klimakrisa.
Støtt opp om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016!