Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane og frivillige i Surnadal og Rindal seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Tysdag 28. mars gjennomfører kyrkjelydane i Surnadal og Rindal bøsseaksjon frå klokka 17.00. Konfirmantar og frivillige samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nauda er størst. I Todalen er det konfirmantane, saman med soknerådet som står for innsamlinga. Husk difor å ha kontantar eller Vipps! klar til dei kjem!
Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takka vere innsamla midlar, mellom anna frå fjorårets Fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt naudhjelp til flyktningar da krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til dei jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffar.
Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skule og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vasborne sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar.
– Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantar og frivillige som deltek i aksjonen blir tatt godt imot, seier diakon Gro Hauge Venås lokal aksjonsleiar for Rindal og Surnadal.