Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kompensasjon for straumbrot

Kompensasjon for straumbrot

Jon Olav Ørsal Fredag 13. september 2013

Svorka Energi skriv i ei pressemelding til Todalen.no at dei vil betale kmpensasjon for manglande straumleveranse i forbindelse med raset 31. juli. Abonnentar i Todalen var utan straum mellom 24 og 48 timar, og har derfor krav på kr 1.400 i kompensasjon for dette. Dette rakk ikkje Svorka å få med på avrekninga som var gjort pr 1. september, og vil derfor ta det med på neste avrekning som blir gjort 1. november.

Kompensasjonen for manglande straumleveranse eit krav som abonnentane har etter standard nettleieavtale med NVE. Alle Svorkakundar som bur innafor raset var utan straum over 24 timar, og har derfor krav på denne kompensasjonen. Du finn meir info om straumleveransen i siste nummer av Svorka Nytt.

Publisert: 13. september 2013, 17:31