Norsk Vandrefestival blir i år arranger helga 16. og 17. august, og vil ha base i Svinviks arboret. Tysdag presenterte styret med sin nye leiar Tom Godtland årets program for lokalpressa. Tom Godtland var ydmyk og omtala vandrefestivalen som avtroppande Ragnhild Tunheims baby, og fortalte at styret har videreført det arbeidet som Ragnhild og det gamle styret hadde starta. – Vi har samla trådane, korordinert og samarbeidet med aktørane slik at vi har fått eit robust program for årets festival. Vi har og tenkt litt nytt for framtidige arrangement, der det tidlegare er beslutta at vi skal ha stort og lite arrangement annakvart år.
Årets arrangement kjem som sagt til å ha hovudbase i Svinviks arboret, men arrangementet fredag 16. vil foregå ved Sletneset steinovnbakeri på Nordvik. Laurdag vil arrangementet gå føre seg i og rundt arboretet i Svinvika. Eit viktig prisikk som blir gjennomført i år er at det skal være lokal verdiskaping. Det vil seie at Sletneset steinovnbakeri, Svinviks arboret og Nordmøre museum skal få lov til å tene penger på sine tenester, og Todalen I.L. og I.L. Søya skal få betalt for sine tenester som mellom anna omfattar vakthald.
Fredag kveld er det konsert med Anders Jektvik frå Hitra. Han er populær og har ein stor tilhengarskare, og vil denne kvelden opptre med band. tidligere på kvelden får vi høre Tea Megaard bidra frå scena – ein stor artist i ein liten kropp, som syng og spelar sjølvlaga låter.
Laurdag har festivalen familie- og friluftsliv som tema. Da blir det guida tur til Åsbøsnyta og tur i Svinvikrunden som er gratis, medan ein historisk tur på Nordvik vil koste ein 50-lapp. denne dagen er det også lagt opp til barneaktivitetar i arboretet, der det også blir etablert humlehotellverksted for borna. Denne dagen blir det to rundar med guida omvisning i arboretet og sjølvsagt salg av mat og forfriskninga.
På programmet står også foredag/kåseri med Kirsten Winje, med «Mat frå skogen» som tema. På ettermiddagen blir det familiearrangement og etter kvart konsert med Øivind Hassel Weiseth og seinare på kvelden konsert med Frode Alnæs og Sondre Meisfjord. laurdag kveld står også utdeling av prisen som årets æresvandrar – kven blir det?