Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommuneoverlege Buan om nye nasjonale tiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I går kveld vart dei nye nasjonale tiltaka for å få bukt med den aukande koronasmitta presentert. Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune har, med bakgrunn i desse, sendt oss ei pressemelding. – Tiltaka samsvarar i stor grad med dei råda eg har gitt lokalt dei siste vekene. Det er trusselen bak omikronvarianten av koronaviruset som begrunnar skjerpinga av tiltaka, sier buan.  

Regjeringa sine tiltak er omsider så kraftfulle som situasjonen tilseier

– Tiltaka regjeringa no innfører samsvarar i stor grad med dei råda eg har gitt lokalt dei siste vekene. Det er trusselen bak omikronvarianten av koronaviruset som begrunnar skjerpinga av tiltaka.

– Den stresstesten vi gjennomgjekk nyleg bekrefta både sårbarheit og eigen kapasitet til å handtere større smitteutbrot, slik vi no må kunne tole med omikronsmitte etter kvart, hos oss. 

– No blir råd i større grad omgjort til sanksjonable lovkrav gjennom Covid-19 forskrifta. Eg trur likevel at folk flest vil kjenne seg att i krava som blir gjeldande frå natt til torsdag.

– Utelivsbransjen blir ramma dersom den ikkje allereie har tilpassa seg dei nye krava. Her er eg redd for at arbeidsplassar igjen blir trua.

– Eg saknar eitt tiltak frå regjeringa. Det gjeld  eit ønske fra mi side om lik karantenesetting uavhengig av sannsynleg koronavariant. Eg er redd vi kan bli liggande bakpå i karantenesettinga, det gjeld både bekrefta Delta-smitte og  Omikron-smitte.

– Inntil vidare kan eg kun oppfordre nærkontaktar utanfor husstanden til Deltavirus-smitta og til personar med oversett Omikron-smitte til å halde seg i ro. I sum aukar risikoen for ukontrollert smitte. 

– Regjeringa erkjenner at vi er inne i ein kapasitetsbrist når det gjeld arbeidskraft i  helse- og omsorgstenesta. Også testkapasitet er redusert til under eit ønska nivå. I vekene framover vil vi oppleve eit kappløp når det gjeld vaksineringskapasitet og  prøvetakingskapasitet mot auka smittetrykk. Rask og fullstendig sluttføring av programmet for ei tredje vaksinerdose  blir avgjerende for å hindre alvorleg sjukdom.

– Eg håpar vi slepp å oppleve alvorleg koronasjuke, sviktande leveransar av helse- og omsorgstenester, skule- og barnehagetilbod og øvrig tenesteproduksjon.Vi treng i dag fleire hurtigtestar for at tilsette skal føle seg trygge nok til å gå på jobb og for å avsløre smitte før den brer seg.

– Smittesituasjonen i Surnadal er per i dag framleis under god kontroll etter dei nylege utbrota. Folk er dessutan flinke til å lytte til råd. Difor skal vi vere optimistiske. I lys av den lokale situasjonen vil iverksetting av dei nasjonale tiltaka i første omgang verke førebyggande, slik at vi inntil vidare kan fortsette å førebu oss mot jula innanfor dei nye rammene, seier kommuneoverlegen i Surnadal kommune Bjørn Buan, i sine kommentarar til regjeringa sine nye nasjonale smitteverntiltak.  

For oversikt over nye nasjonale tiltak gjeldande frå midnatt natt til torsdag 9. desember, viser vi til «regjeringen.no»


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. desember 2021, 10:18