I ei pressemelding tidleg no i ettermiddag får vi informasjon om at kommunedirektøren i Surnadal kommune, ved å vise til dei nasjonale smitteverntiltaka, med verknad frå i dag, har stengt Surnadal kommunehus for besøk som ikkje er avtalt på førehand.
– Det er innført strenge nasjonale tiltak for å førebygge og bremse smittespreiing. Påbod om utstrekt bruk av heimekontor gjer at mange av våre saksbehandlarar no ikkje befinn seg på kommunehuset. Henvendelsar frå innbyggarane våre bør difor i størst muleg grad skje digitalt. Ved behov for fysisk oppmøte er dette likevel muleg dersom ein gjer avtale om dette med aktuell saksbehandlar på førehand, seier kommunedirektør Knut Haugen i pressemeldinga.
Henting av hurtigtestar på kommunehuset
Personar som skal hente hurtigtest på kommunehuset må ringe kommunens sentralbord for utlevering og henting på utsida i opningstida mellom kl. 09:00 – 15:00. Surnadal kommune kjem med meir informasjon om bestilling og henting av hurtigtestar ved redusert opningstid under jule- og nyttårshøgtida.
For ytterlegare informasjon og oppdateringar: «surnadal.kommune.no»