Frå næringsavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om den kommunale kompensasjonsordninga til verksemder, lag og foreiningar i Surnadal kommune. Dette er ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, lag og foreiningar som har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak under koronapandemien.
Om ordninga
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlar til kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Surnadal kommune har i denne tredje tildelingsrunden i 2021 fått tildelt 681 000 kroner.
Er verksemda, laget eller forening di hardt råka av pålagte smitteverntiltak grunna korona? I så fall kan verksemda (må ha organisasjonsnummer) søke om koronastønad. Søknadsfristen er 17. oktober 2021.
Formål
Hensikten er å sette kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal òg fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
Kriterium
Søknad/tildeling vil bli vurdert ut i frå følgande punkt:
- Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader av skjerpa smittevernreglar etter nyttår (1.1.2021) som har påført ekstra kostnader eller tap av inntekter som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
- Verksemda bør vise til at verksemda fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
- Verksemder innan arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
- Verksemder, lag og foreninger som er råka og ikkje har mottatt noko form for covid19-støtte tidlegare vil bli prioritert.
Søknad
Det er ikkje eige søknadsskjema til ordninga. Skriv ein kortfatta søknad/brev som inneheld:
- Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og bankkontonummer
- Kva søknaden gjeld og søknadsbeløp
- Bakgrunnen for at verksemda søkjer
- Søknaden må innehalde ein dokumentasjon eller beskrivelse på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere, og ev. estimerte kostnader over omstillingstiltak.
- Verksemda må oppgje anna offentleg stønad i samband med covid19-støltteordningar mottatt i 2020 og 2021.
Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg. Vi vil særleg oppfordre kreative næringar, lag og foreningar som har tapt inntekter grunna covid19 til å søke.
Søknad skal sendast (helst som epost) til Surnadal kommune på post@surnadal.kommune.no merka «Søknad kommunal kompensasjonsordning»
Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar.
Søknadsfrist er 17. oktober.
Spørsmål om ordninga kan rettas til:
Karin Halle karin.halle@surnadal.kommune.no telefon: 416 19 200
eller
Harald Bredesen harald.bredesen@surnadal.kommune.no telefon: 913 78 178