Måndag var det tid for kommunal kantslått i Dalavegen. Vi snappet opp et bilete da doningen var på tur fra Trudvangkrysset og oppover Falla, og det bers vel kanskje heilt til Kårvatn før han snur og tek andre sida på turen nedatt.
Det er kommuneveg heilt frå Brusetkrysset og oppover til og med parkeringsplassen ved Kårvatn. Frå Bruset til Trudvangkrysset heiter han Markavegen, medan resten som går frå Trudvangkrysset til Kårvatn heiter Dalavegen. I tillegg er det kommuneveg frå Todalsøra til Ansneset (Ansnesvegen) og frå Hjellneskrysset og oppover til Kammen (Hjellnesvegen).