Onsdag er det nytt arrangement på eldremiddagen i Sanitetshuset som allereie annonsert. Eldremiddagen får da besøk av feier Jon Nordvik som vil sette orientering om komfyrvakt på dagsorden. Det er ei kjent sak at mat som blir glømt på komfyren er ei hyppig brannårsak, og Nordvik vil orientere om korleis du kan montere slikt utstyr og korleis den verkar.
Elles melder kjøkene om at menyen på onsdag er utsøkt fiskesuppe til hovudrett, og sitronfromasj til dessert. Det blir også servert kaffe og kaker etterpå. Eldremiddagen startar som vanleg kl 13 og det er fint om du melder deg på til Reidun (tlf 91337168) eller Karen Johanne (tlf 41422604) på førehand.