Ola Kvendset er så smått i gang med 2.-slåtten. Først ute var ein åker med ei blanding av åkerbønner, haustrug, hundgras og kvitkløver som var nysodd. Her var nok førsteslåtten mest ugras, etter ein heilt spesiell vår med både nysnø, tørka og ein periode med regn, fortel Ola. – Men no kjem åkeren fint og eg reknar med å få litt over ein ball pr dekar, seier han. På denne åkeren satar han på 1 eller 2 rundar til før det blir vinter.
Ola og sambuar Anne Berit som driv Viastua på Kvennset har i år rundt 280 mål med grasmark. Plana er at 2.-slåtten skal være ferdig pakka før det blir helg. Nå er det berre spørsmål om å sette lit til vêrgudane, slik at graset er pakka i plast før det blir fior mykje regn.