Kaldperioden dei siste par vekene har gjort underverker i Sæterlia, og deler av anlegget er klart for å køyrast i gang alt komande helg kan vi lese på Driva.no. Snøproduksjonen har stort sett gått som smurt, og det komande døgnet er det meldt litt «natursnø» som liksom skal toppe det heile.
Måndag kveld var heisvaieren klargjort etter at litt vedlikehald var utført i veka som gikk. Dermed er det klart for drift i Surnadal alpinsenter komande helg – kanskje er det rekordtidleg start i år? Klikk deg inn på linken så finn du opplysningar om både prisar, opningstider og andre ting på heimesida til Surnadal Alpinsenter .
I kveld har det snødd godt oppover i alpinbakken, og tråkkemaskin og mannskap har vore i arbeid. Vi har fått nokre bilde med Tore Korsnes som har jobba på tråkkemaskina som vi gjengir nedafor.