Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kom og sjå utstillinga

Kom og sjå utstillinga

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. april 2011

Det er ein litt uvanleg plass å lage kunstutstilling, men reidar Østvik var ikkje i tvil da han vart invitert til Stangvik aldersheim for å stille ut sine kunstverk. Hensikten frå aldersheimens side var å skape litt liv og røre i kvardagen, og sjølvsagt eit ønske om at det skal kome flire besøkande til aldersheimen. Reidar Østvik fortel at han har har samarbeidd godt med dei ansatte og hatt mange trivelege stunder saman med bebuarane når han har jobba med å få utstillinga på plass. Utstillinga er forlengst på plass, og heile 60 bilder, akvarellar og måleri prydar veggane i inngangsparti, korridorar og daglegstuer.

Reidar Østvik er frå Trondheim, men har forlengst flytta til Todalen. Feriebustaden Elvesta har vorte permanent bustad, og i kjellaren er det innreia atelier, der reidar håpar på at det blir meir tid til å drive med hobbyen sin. Han er ein allsidig kunstnar, som nyttar fleire teknikkar. Han lagar han både teikningar, måleri og akvarellar, men han er også ivrig fotograf og lagar mykje fine bilde og kunstverk ved hjelp av moderne datateknologi. Her er det nok berre fantasien som er begrensninga.

Reidar fortel at utstillinga på Stangvik Aldersheim blir hengande til godt over påske, og han oppmodar alle til å ta turen til aldersheimen både for å sjå utstillinga og til eit triveleg besøk hos betjeninga og bebuarane der. Dei er glade for besøk og vil nok ta vel i mot dykk både i påskehelga og i dagane etter påske.

Reidar vil også nytte høvet til å takke ansatte og bebuarar for godt samarbeid, og takk til Narve Talgø som har vore ein god melhjelpar i utstillingsarbeidet.

Nedafor finn du eit bildegalleri med smakebitar frå utstillinga på Stangvik aldersheim.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. april 2011, 18:00