Søndag 9. juli kjem Jo Sverre Sande til Svinviks arboret for å halde konsert. Rindalingen har markert seg skikkeleg i musikkmiljøet dei siste åra, og var sist i Todalen som deltakar på låtskrivarseminaret på Todalshytta og deltok i den samanheng på konserten Raus 2017. No er han altså aktuell med eigen konsert i arboretet søndag kveld kl 18.00.
Jo Sverre er ein dyktig låtskrivar, og har sjølv produsert det meste av tekstene han framfører. – Ta turen til Svinviks arboret søndag kveld – billettar får du ved inngangen!