I dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Foreninga har garn til disposisjon om nokon vil strikke til for eksempel basar eller NKS sin søsterorganisasjon i Etiopia.
Enkel servering.
Neste strikkekaffe blir laurdag den 25. mars.