Det er arrangementskomiteen si klare oppfordring, når Surnadal IL og samarbeidsparnaren SpareBank 1 laurdag 22. juni inviterer til den fjerde utgåva av Bankmila. Som tidlegare år er Bankmila delt inn i Minibankmila, som er for barna, trimklasse og tidtakingsklasse. Arrangørane oppfordrar absolutt alle i mils omkrins til å delta på «Stor-roinjt»! Løypa, som har start på Skei og går via Røtet og opp att til målgang på Skei, er rundt 10 kilometer. – Dette er eit heilt gratis lågterskelarrangement og passar for absutt alle, understrekar arrangørane. – Løypa er rask og lett å springe, seier Arne Berset. – Og det er i tillegg verkeleg god folkehelse!, legg Epen Kalkvik til.
Minibankmila er altså for barna og har start klokka 11:00. Minibankmila går rundt Bårdshaugen. Det blir tidtaking og startnummer, og alle får medalje. Påmelding ved oppmøte, men det blir oppfordra om å møte i god tid, slik at ein har tid til registrering og utdeling av startnummer.
Trimklassen startar klokka 11:30. Arrangørane oppfordrar absolutt alle til å «hive seg med», og her er det ikkje tidtaking. – Her kan ein både gå og springe!, fortel arrangørane. Alle som er med i trimklassen er med i trekninga av fine premiar frå lokalt næringsliv. Påmelding ved start, men arrangørane oppfordrar til å møte opp i god tid før start for registrering.
Tidtakarklassen har start klokka 12:00. Påmelding via Bankmila 2024 si Facebookside. Hugs å velje rett aldersklasse ved påmelding! Premie til dei tre beste i kvar klasse.
Arrangørane er glade for at Bankmila igjen kan arrangerast på laurdag. – Eg kan omtrent garantere finvêr denne dagen, seier Berset med eit lurt smil.
Arrangørane har ein klar ambisjon om å nå eit tresifra deltakartal i år, så da må oppfordringa bli å sette av laurdag den 22. juni og bli med på Bankmila!
Det blir sal av kaffe og kaker, der inntekta går til J/G 9 sine fotballag.