Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom med brøytestikker – sommaren er på hell

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. september 2025

I dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell.  Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke.  I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua. 

Trakt9oren frå Jenstad Maskin har spesialutstyr for utplassering av brøytestikker – effektivt og greit! Foto Jon Olav Ørsal

Vi håpar at det enno er ei stund før det blir behov for brøytestikkene, men dei bør nok være på plass når det første snøfallet kjem ein gong utpå hausten.  Som sagt er det Jenstad Maskin som har ansvaret for å sette ut brøytestikker, og det skjer automatisk med bruk av traktor med spesialutstyr for slikt arbeid.  Jenstad maskin kjem frå Sunndal kommune og er lokalisert til Gjøra som nabo til Sunndalsporten. 

Publisert: 3. september 2025, 15:00