Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom ikkje vidare: WC senior i Villars i Sveits

Jon Olav Ørsal Fredag 4. april 2025

Seniorlandslaget i randonee har World Cup-avslutning i Villars i Sveits denne helga. I dag var det sprint som stod på programmet, og heile landslaget stod på startlista i prodlogen. Det vil seie Sander Engdal, Erik Kårvatn, Trym Dalheim Lødøen og Hans Inge Klette i herre senior og Ida Waldal einaste norske i dameklassen. Total var det 79 deltakarar i herreklassen og 62 i dameklassen.

I herreklassen var det kun Hans Inge Klette som gjekk vidare til kvartfinalen med ein 26. plass i prologen. I dameklassen gjekk Ida Waldal vidare til kvartfinalen. Men i kvartfinalen vart det stopp for både Hans Inge og Ida, så det vart ingen som gjekk viare til semifinale og finale av dei norske deltakarane. I prologen kom Trym på 36.-plass, Sander på 37.-plass og Erik på 48.-plass og var dermed ikkje med vidare. 

Laurdag er det mix-stafett i Villars – der er det Klette og Waldal som er tekne ut for å representere dei norske fargane.  

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

Publisert: 4. april 2025, 11:43