Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom deg ut i finvêret….

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mars 2016

Med sol frå skyfri himmel og lufttemperatur på 8-9 varme i sola er laurdagen ein praktfull dag i Todalen. Rett nok er det skarp luft etter nattempeeratur på 6-7 kuldegrader, men det er ein flott dag for uteaktivitetar. Vi tok ein rundtur for å sjekke forholda, og kan rapportere om fint skiføre både på Kårvatn, ved Innerdalsmerket og ikkje minst rundt omkring i bygda.

DSC_7558

Kårvatn er fint utgangspunkt for topptur til Tydalsnebba – eller berre ein kosetur til Naustådalsfossen eller ein solrabb i dalalia. Foto: Jon Olav Ørsal

Både på Kårvatn og ved Innerdalsmerket er det brøyta opp skikkeleg parkeringsplass og det er eit fint utgangspunkt dersom du vil til fjells – vi nemner berre topptur til Tydalsnebba eller til Bjøråskaret – eller kanskje berre ein tur i Dalalia eller Tristeinan?

Vi får varme fleire gong av veden, kostaterer bernt Jørgensen som dreiv vedhogst i brusetmarka. Foto: Jon Olav Ørsal

I Brusetmarka dreiv Bernt Jørgensen med vedhogst – det er ikkje gammeldags med vedfyring enno og det er godt å kome ut og bruke kroppen litt, sa Bernt.  – fint er det også i fjøra, og det var fleire båtar på fjorden. – Ivrige entusiastar som fiska frå båt på Todalsfjorden. Ved Hyllnesset trefte vi Olav Gjeldnes, som driv med garnfiske i Todalsfjorden fjorden, og han  kan rapportere om godt fiske i fjorden.

Bildeglimt frå turen til Kårvatn og rundt bygda…    Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. mars 2016, 14:58