I regi av «Godt mot, Todalen» arrangeres det kokkekurs for «karra». Kursledar er Tor Rune Halset på Hammestuene, og kurset skal gå over 3 kveldar i november.
Det var ein spent og entusiastisk gjeng på 8 todalingar som møtte på første kurskvelden torsdag kveld. Det var både munter og hektisk stemning på kjøkkenet på Hammerstuene utover kveldstimene.
Kursdeltakarane fikk første kurskvelden lære å lage Hjortkarbonade, gulasjsuppe, svelar og sviskekake.
Første kurskvlden vart avslutta med eit festmåltid, der resultatet vart testa på kursdeltakrane sine ganer. Sjølvsagt vart resultatet diskutert og faglig vurdert.