Surnadal kommune melder no på si nettside om kokepåbud av vatn hos abonnentane ved Bjøråa vassverk. Der står det å lese: «På grunn av feil på renseanlegget i Bjøråa vassverk i Todalen blir abonnentane på det kommunale vassverket bedne om å koke drikkevatnet ei tid framover.
Varsel om oppheving av kokepåbodet vil bli sendt ut på sms og på heimesida så snart feilen er utbetra». Todalen oppvekstsenter med både skule og barnehage er dermed berørt av dette påbudet, og fekk i dag etter det redaksjonen er kjent med, levert drikkevatn frå Surnadal sist på dagen.
Hald deg oppdatert på Surnadal kommune si heimeside, eller hos oss om vi klarar å halde oss oppdatert.