Heile bygda er kanskje å dra det langt, men det var iallfall nærare tretti munnar som vart metta med lapskaus i Sanitetshuset i dag. Det var beredskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som hadde invitert på middag og som vart traktert, først med lapskaus og så med sviskegraut med fløyte og kaffe og kaker til slutt.
Som sagt er var det beredskapsgruppa i Saniteten som inviterte på middag. Det er Jorunn Ørsal som er leiar for beredskapsgruppa, og ho har Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø med seg på laget. Alle tre er vant til å lage mat i store porsjonar, og det er viktig å kunne lage mat i store porsjonar dersom noko skjer, og erfaring har dei også frå Eldremiddagen som vart lagt ned for to år sia.
Viktigaste funksjonen er kanskje den sosiale biten – at folk treffer folk – og at ein kan treffast i triveleg lag. Det er noko som alle har behov for og som er triveleg. Saniteten er pådrivar i så måte, og tek heilt klart ei samfunnsansvar, og sørgjer for at den som vil kan være sosial.