Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Knut Ola og Ingeborg fekk eit heftig møte med bjørnen

Jon Olav Ørsal Måndag 4. august 2025

Knut Ola Høvik og Ingeborg Hamnes frå Surnadal fekk heftige minner frå fotturen i Trollheimen.  Dei la ut frå Todalshytta laurdags morgon som første etappe på rundturen. Dei hadde planlagt å ta turen til Innerdalen, vidare til Storlidalen og heimatt gjennom Gammelseterdalen og Kårvatn – alt dette på ein dag og 52 km til fots.
Det meste av turen gjekk utan noko form for dramatikk. Siste etappe gjekk frå Storlidalen mot Kårvatn, etter turistruta via Tovatna og gjennom Gammelseterdalen.  Denne turen er sett til 4-5 timar, så det vart etter kvart behov for å bruke haudlykt på siste delen av turen gjennom skogen i Gammelseterdalen.

Utsikt frå Tovassfalla og utover Gammelseterdalen – foto Ingeborg Hamnes

Ytters i Gammelseterdalen vart det litt dramatikk, da Ingeborg oppdaga noko som rørte seg på 10-15 meter unna de to og tett på stien – da ho fekk sjå at det var baken på ein bjørn fekk ho varsla Knut Ola. Begge to vart stive av skrekk da dei forstod at dei hadde nærkontakt med bjørn.  – Vi er ikkje i tvil om anna enn at det var ein bjørn, seier Knut Ola og Ingeborg som såg hovudet og trynet på bjørnen da den snudde seg mot dei og dei lyste på bjørnen med haudlyktene. Bjørnen vart nok like skremt, for den stakk av i retning Neådalen.

Ingeborg og Knut Ola trefte bjørnen ved Neåmoen (markert med rød ring på kartet.) Derifrå gjekk dei etter elva nedover til Sommarfjøsbrua og vidare etter vegen utover til Kårvatn. Kartlogg: Knut Ola og Ingeborg

Klart vi vart redd, seier dei to – vi vart vettskremte, og vi tok ein 90-grader ned mot elva og fortsette etter kvart vidare mot Kårvatn. – Vi gjekk da midt i elva for å ha betre oversikt. Slik fortsette turen vidare, og heldig vis var det ikkje langt att til Kårvatn, seier dei to i kor. Dei heldt kursen etter elva til dei kom til brua og kom seg da over på Kårvatn-sida av elva og følgde vegen utover til Kårvatn.  Der fekk dei varsla Gudmund Kårvatn om opplevinga.

I ettertid seier dei to at møtet med bjørnen ga ei rar føling – heilt uverkeleg, og det er vanskeleg å finne ord for å fortelje om bjørnemøtet – vi må nok innrømme at vi vart ordentleg skremt og at det liksom sitter i oss etterpå.

Det vart langtur for Knut Ola og Ingeborg – start frå Todalshytta til Innerdalen og vidare til Storlidalen og vidare til Kårvatn via Gammelseterdalen – tilsaman 52 km. Foto Ingeborg Hamnes

Vi har snakka med Gudmund som var ute eit par turar søndag for å sjå etter sporteikn etter bjørnen, men det var utan resultat. Sjølvsagt er det store spørsmålet no om det er sama bjørnen som dei jaktar på i Rennebu-traktene, eller om det er ein anna bjørn som har vore på Todalsvisitt?  Ingeborg og Knut Ola tykkjer det er usannsynleg at det er same bjørnen som dei jaktar på i Rennebutraktene, da det er funne kadaver der frå fredag kveld.

På turen var det både sol og skodde – her poserer Ingeborg for fotografen medan det enno var sol. Foto Knut Ola Høvik.

Dette er i så fall er det ikkje første gongen at det er bjørn på Kårvatn.  Sist var det i 2010 da kunne sjå fara etter bjørnen 30 meter frå fjøset.

Publisert: 4. august 2025, 15:04