Laurdag er Knut Bergli på plass og fyrer opp steinomnen ved Hageland Surnadal. Da er det pizza som gjelder, og da vil kanskje Knut røpe si hemmelege oppskrift for smakarane. Frå klokka 11:00 og utover til stengetid kl 16:00 vil Knut dele ut smaksprøver til publikum av sin unike pizza.
Knut vil og demonstreere steinomnen på Hageland, derom du er interessert i å satse på eigen steinomn. Her kan du faktisk lage alle typar bakverk som blir godt og velsmakende i steinomnen. Steinomnen fyres opp med ved, til du når rundt 400 grader, og da er pizzaen stekt på eit par minutt. Da er du faktisk nødd til å følge med kva som foregår i omnen, ellers går det ad dundas.
Har du lyst på ein pizzabit er det berre å være på plass i tidsrommet mellom 11:00 og 16:00 så blir det ein smak – kanskje vil Knut røpe oppskrifta og?