Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Knusktørt og brannfarleg

Jon Olav Ørsal Sundag 2. februar 2014

Det er no ekstremt tørt over heile distriktet, og i ein liten prat med brannsjef Tor Arne Moen, understrekar han kor viktig det er å respektere forbodet mot å bruke open eld på grunn av brannfaren. Han seier at det er veldig lett å gløyme seg, og ei lita glo eller ein liten flamme på avvegar kan være katastrofal.

Moen minner igjen om at det er totalforbod mot all open eld utomhus både i Surnadal kommune og resten av distriktet. Det gjeld bål og bruk av primus når du er på tur, bruk av fakkelboksar når du har selskap og sjølvsagt gravlykter på kyrkjegarden og elles andre ting som kasting av sigarettsneipar etc. Forbodet gjeld heilt til det kjem nedbør, enten i form av regn eller snø, og i såpass mengder at det eliminerer brannfaren.

Det er foreløpig ikkje noko utsikt til nedbør på langtidsvarselet til YR.NO, så vi må væra budd på søraustleg vindretning uten nedbør i 10 dagarsvarselet fram til tysdag 11. februar.

 

Publisert: 2. februar 2014, 12:09