Mest truleg blir KNT kjøpar av Innerdal Turisthytte, når Iver og Torill Innerdal no vil selje Innerdalshytta – som er livsverket deira i Innerdalen. Kjøpar blir KNT – Kristiansund og Nordmøre turistforening, dersom ekstraordinært årsmøte den 8. februar gjev si godkjenning. Kjøp av Innerdalshytta er einaste sak på dagsorden.
Dette er ei stor satsing – Innerdalshytta blir flaggskipet vårt, seier Roar Halten til Driva som først skreiv om dette på sine nettsider.
Det har i lang tid vore forhandlingar om sal til KNT – no er det einigheit om vilkåra, og KNTs styre har godkjent avtalen. – No er det altså medlemene som på ekstraordinært årsmøte 8. februar tek avgjerda, og har siste ordet.
Det som er med i handelen er kjøp av gammelhytta, låven og nyhytta, det som er Innerdal Turisthytte i dag. Det blir rundt 80 sengeplassar til saman. – Torill og Iver Innerdal som er eigarar i dag, vil behalde bustaden og garasjen som ligg like ved turisthytta.
Dette blir eit stort økonomisk løft for KNT, som no altså vel å satse vidare i Innerdalen. Faktisk den største økonomiske satsinga som er gjort i KNTs historie. – Innerdalshytta vil bli det fjerde anlegget som blir betjent for KNT, seier Halten, og reknar opp Todalshytta, Vangshaugen og Aursjøhytta som også er opne om sommaren.
KNT har hatt eit langt og godt samarbeid med alle aktørane i Innerdalen, og dette blir no ført vidare, seier Roar Halten, som er dagleg leiar i KNT.