Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KNT rustar opp ruta til Innerdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

KNT – Kristiansund og Nordmøre Turistforening, har i år rusta opp rutenettet frå Todalshytta til Innerdalen.  Denne ruta er nymerka for alternativet som går over Snekkardalen, og i løpet at året skal det også merkes på nytt frå Snekkardalen til Innerdalen via Bjøråskaret.  Her er det eit skille oppå Snekkardalshalsen, der den eine sien går gjennom Snekkardalen, og det andre alternativet er altså å fortsette frå Snekkardalshalsen via Bjøråskaret.

Nybrua på ruta mellom Todalshytta og Innerdalen blir bygd i impregnert materialer. Foto Jon Olav Ørsal

Atle Betten og Jens Halten var i dag travelt opptekne med å bygge ei ny bru over ein bekk i Brusetbotnan.  Dette var ein del av prosjektet, og erstattar ei gammel bru som var råteskadd.  Ny bru blir bygd i impregnert trevirke, og vil nok gjøre nytte for seg i mange år framover.  Atle og Jens er ein del av dugnadsgjengen i KNT, som meir enn gjerne tek del i vedlikehaldet av hytter og turstiar i turistforeningas regi.  Dei har no teke i bruk nye merker, som er fresa ut i tre når det dreier seg om merking i skogsområder, og håpar dette blir meir holdbart enn å måle raude T-ar direkte på trea.  Sjølvsagt eer det merking som er avtala med grunneigarane, som dei har eit godt samarbeid med.  

Liten restverdi i gammelbrua, den var råten, og har nok gjort jobben sin. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt er turstien frå Todalshytta til Innerdalen no nymerka, og dei to tykkjer det er ein fantastisk fin tur over fjellet til Innerdalen.  Da er Todalshytta eit ypperleg startpunkt, og du kan gå vidare inn i rutenettet til KNT og TT (Trondheim turistforening) når du fortsetter frå Innerdalen.  

Slike merker blir no bruka i skogområdet – lett å montere og utryleg holdbare i impregnert tre. Foto Jon Olav Ørsal

Seinare i dag er brua ferdig og snora er kløppt 🙂 Atle Betten og Jens Halten. Foto: Atle Betten

Publisert: 19. juni 2024, 11:23